Hopp til innhald

Fred Ramsdell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred Ramsdell

FøddFrederick Jay Ramsdell
4. desember 1960
Elmhurst
NasjonalitetUSA
Områdeimmunologi
Yrkeimmunolog
InstitusjonarParker Institute for Cancer Immunotherapy
National Institutes of Health
ZymoGenetics
Novo Nordisk
aTyr Pharma
Alma materUniversity of California, Los Angeles
University of California, San Diego

Nobelprisen
Nobelprisen i fysiologi eller medisin
2025

Frederick Jay Ramsdell[1] (fødd 4. desember 1960)[2] er ein amerikansk immunolog som arbeider ved Sonoma Biotherapeutics i San Francisco, California.[2] I 2025 vart han tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med to andre, for arbeidet sitt med perifer immunologisk toleranse.[3]

Utdanning og karriere

[endre | endre wikiteksten]

Ramsdell vart fødd i 1960 i Elmhurst, Illinois.[2]

Ramsdell tok ein bachelorgrad i biokjemi og cellebiologi ved University of California, San Diego i 1983,[4] og ein doktorgrad (Ph.D.) i mikrobiologi og immunologi ved University of California, Los Angeles i 1987.[5][6]

Han har arbeidd ved ZymoGenetics, og har vore sjefsforskar (Chief Scientific Officer) ved Sonoma Biotherapeutics.[7]

Utmerkingar og prisar

[endre | endre wikiteksten]

I 2017 fekk Ramsdell, saman med Shimon Sakaguchi og Alexander Rudensky, Crafoordprisen for forsking på leddgikt (polyartritt). Dei vart heidra for oppdaginga av dei regulatoriske T-cellene, som motverkar skadande immunresponsar ved leddgikt og andre autoimmune sjukdomar.[8][9]

I 2025 vart Ramsdell tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin saman med Sakaguchi og Mary E. Brunkow.[3] Då tildelinga vart kunngjord, var han ute på fjelltur utan mobildekning i Idaho og kunne ikkje kontaktast.[10]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fred Ramsdell