Susumu Kitagawa
| Susumu Kitagawa | |||
| | |||
| Fødd | 4. juli 1951 Kyoto | ||
|---|---|---|---|
| Nasjonalitet | Japan | ||
| Område | kjemi | ||
| Yrke | kjemikar, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Universitetet i Kyoto | ||
| Alma mater | Universitetet i Kyoto | ||
![]()
Nobelprisen i kjemi
2025
Susumu Kitagawa (fødd 4. juli 1951) er ein japansk kjemikar og Nobelpris-vinnar som spesialiserer seg i koordinasjonskjemi, med særleg vekt på organisk–uorganiske hybridforbindelsar og dei kjemiske og fysiske eigenskapane til porøse koordinasjonspolymer, særleg metall–organiske rammeverk (metal-organic frameworks, MOF).[1] Han er utnemnd til Distinguished Professor ved Universitetet i Kyoto sitt Institute for Integrated Cell-Material Sciences (iCeMS), som han var med på å grunnleggje. I 2025 vart han tildelt Nobelprisen i kjemi saman med Richard Robson og Omar M. Yaghi.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]
Kitagawa vart fødd 4. juli 1951 i Kyoto.[2]
Kitagawa tok doktorgraden (PhD) i hydrokarbonkjemi ved Universitetet i Kyoto i 1979, etter å ha teke bachelorgraden ved same institusjon. Same året vart han tilsett som assisterande professor ved Kindai University, der han vart førelesar i 1983 og førsteamanuensis i 1988.[1][3]
I 1992 vart Kitagawa professor i uorganisk kjemi ved Tokyo Metropolitan University.[1] Han vende tilbake til Universitetet i Kyoto i 1998 som professor i uorganisk funksjonell kjemi ved Institutt for syntetisk kjemi og biologisk kjemi.[3][4] I 2007 var han med på å grunnleggje Institute for Integrated Cell-Material Sciences (iCeMS), der han først var nestleiar, og sidan direktør frå 2013 til 2023.[5][6] I 2024 vart han utnemnd til Executive Vice-President for Research Promotion ved Universitetet i Kyoto.[7]
Han har òg hatt utanlandske akademiske opphald, mellom anna som postdoktor ved Texas A&M University hos F. Albert Cotton (1986–1987) og som gjesteprofessor ved City University of New York (1996).[1][4][8] I 2018 fekk han ein æresdoktorgrad frå Technische Universität München.[9]
Kitagawa var medlem og assosierande medlem av Science Council of Japan frå 2011 til 2023.[3][10]
I 2025 fekk Kitagawa, saman med Richard Robson og Omar M. Yaghi, Nobelprisen i kjemi for deira banebrytande arbeid med molekylære byggjesteinar for metall–organiske rammeverk.[11]
Forsking
[endre | endre wikiteksten]Etter oppdagingane til Makoto Fujita (1994) og Omar M. Yaghi (1995) viste Kitagawa i 1997 at strukturar av koordinasjonspolymer har gassadsorpsjonseigenskapar – eit sentralt funn for utviklinga av funksjonelle porøse materiale.[4]
Dei mest innflytelsesrike arbeida hans inkluderer:
- Ein banebrytande publikasjon frå 1997 om ein porøs koordinasjonspolymer (MOF) for adsorpsjon av små molekyl.[1][12][13]
- Ein tidleg gjennomgang frå 2004 om funksjonelle porøse koordinasjonspolymer.[1][14]
- Ein gjennomgang frå 2009 om «mjuke porøse krystallar», som kan endre struktur i stor grad ved kjemisk eller fysisk påverknad.[12][15]
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 2003 – Chemical Society of Japan (CSJ) Prize for Creative Work[1]
- 2008 – Humboldt Research Prize[1]
- 2009 – Chemical Society of Japan Award[16]
- 2010 – Thomson Reuters Citation Laureates[17]
- 2011 – Medal with Purple Ribbon[18]
- 2013 – De Gennes-prisen[19]
- 2016 – Japan Academy Prize[20]
- 2016 – Fred Basolo Medal, Northwestern University[21]
- 2017 – Chemistry for the Future Solvay Prize[22]
- 2017 – Fujihara-prisen, The Fujihara Foundation of Science[23]
- 2019 – Grand Prix de la Fondation de la Maison de la Chimie[24]
- 2019 – Emanuel Merck Lectureship[25]
- 2019 – Medlem av Japan Academy[26]
- 2023 – Fellow of the Royal Society[27]
- 2025 – Nobelprisen i kjemi[2]
- 2025 – Person of Cultural Merit (Person med særleg kulturell forteneste)[28]
- 2025 – Order of Culture (Kulturordenen)[28]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 7 8 «Susumu Kitagawa». Angewandte Chemie International Edition 48 (47): 8818–8820. 9. november 2009. Bibcode:2009ACIE...48.8818.. doi:10.1002/anie.200904270.
- 1 2 Nobel Prize in Chemistry 2025 – Susumu Kitagawa
- 1 2 3 «CV : Susumu KITAGAWA» (PDF). Kitagawa.icems.kyoto-u.ac.jp. Henta 12. oktober 2017.
- 1 2 3 Rebecca Trager (9. oktober 2025). «Meet the three scientists who have just won the Nobel prize in chemistry». Chemistry World. Arkivert frå originalen 11. oktober 2025. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ «物質-細胞統合システム拠点(iCeMS) 1拠点構想等の概要(京都大学)» [Institute for Integrated Cell-Material Sciences (iCeMS): Overview of the Center Initiative (Kyoto University)]. Ministry of Education, Culture, Sports, Science and Technology (på japansk). 2009. Arkivert frå originalen 9. mai 2009. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ «Timeline». Institute for Integrated Cell-Material Sciences. Arkivert frå originalen 10. juli 2025. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ «Profile: Susumu Kitagawa». Kyoto University Institute for Advanced Study (på engelsk). Henta 12. oktober 2025.
- ↑ Kitagawa, Susumu (20. juni 2001). 集積型金属錯体: クリスタルエンジニアリングからフロンティアオービタルエンジニアリングへ [Supramolecular Metal Complexes: From Crystal Engineering to Frontier Orbital Engineering] (på japansk). Kodansha. ISBN 978-4-06-153395-0. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ «Nobel Prize in Chemistry for TUM Honorary Doctor Kitagawa». Technical University of Munich. 8. oktober 2025. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ «日本学術会議会長談話 | 坂口志文先生のノーベル生理学・医学賞受賞、北川進先生のノーベル化学賞受賞を祝して» [Statement by the President of the Science Council of Japan | Congratulating Dr. Shimon Sakaguchi on winning the Nobel Prize in Physiology or Medicine and Dr. Susumu Kitagawa on winning the Nobel Prize in Chemistry] (PDF). Science Council of Japan (på japansk). 10. oktober 2025. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ Robles-Gil, Alexa; Watkins, Ali (8. oktober 2025). «Nobel Prize in Chemistry Awarded to Architects of Metal-Organic Frameworks». The New York Times. Henta 8. oktober 2025.
- 1 2 Koester, Vera (8. oktober 2025). «Nobel Prize in Chemistry 2025». ChemistryViews.
- ↑ Kondo, Mitsuru; Yoshitomi, Tomomichi; Matsuzaka, Hiroyuki; Kitagawa, Susumu; Seki, Kenji (1997). «Three-Dimensional Framework with Channeling Cavities for Small Molecules: ». Angewandte Chemie International Edition 36 (16): 1725–1727. doi:10.1002/anie.199717251.
- ↑ Kitagawa, Susumu; Kitaura, Ryo; Noro, Shin-Ichiro (2004). «Functional Porous Coordination Polymers». Angewandte Chemie International Edition 43 (18): 2334–2375. Bibcode:2004ACIE...43.2334K. PMID 15114565. doi:10.1002/anie.200300610.
- ↑ Horike, Satoshi; Shimomura, Satoru; Kitagawa, Susumu (2009). «Soft porous crystals». Nature Chemistry 1 (9): 695–704. Bibcode:2009NatCh...1..695H. PMID 21124356. doi:10.1038/nchem.444.
- ↑ «2008 – Pioneering and Developing Studies on Chemistry od [sic] Coordination Space». The Chemical Society of Japan. 20. september 2014. Henta 8. oktober 2025.
- ↑ «2010 – Thomson Reuters Predicts Nobel Laureates». Thomson Reuters. 21. september 2010. Henta 8. oktober 2025.
- ↑ «Susumu Kitagawa Decorated with Medal with Purple Ribbon (Kyoto University iCeMS)». 京都大学アイセムス. 15. juni 2011. Henta 8. oktober 2025.
- ↑ «Royal Society of Chemistry Prize Winners 2013». Angewandte Chemie International Edition 52 (38): 9890–9891. 16. september 2013. Bibcode:2013ACIE...52.9890.. ISSN 1433-7851. doi:10.1002/anie.201305312. Henta 8. oktober 2025.
- ↑ «Recipients of the Imperial Prize, the Japan Academy Prizes and the Duke of Edinburgh Prize elected». The Japan Academy. 14. mars 2016. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ «2016 – Fred Basolo Medal for Outstanding Research in Inorganic Chemistry: Department of Chemistry». Northwestern University. Henta 8. oktober 2025.
- ↑ Solvay. «The 2017 Prize – Solvay». Solvay.com. Henta 12. oktober 2017.
- ↑ «Fujihara Award (2015–2019)». 藤原科学財団 (på japansk). Henta 9. oktober 2025.
- ↑ «Les lauréats de l'année». Actions (på fransk). Henta 18. mai 2019.
- ↑ «Emanuel Merck Lectureship – Research | Merck KGaA, Darmstadt, Germany». www.emdgroup.com. Henta 18. mai 2019.
- ↑ «Distinguished Professor and iCeMS Director Susumu Kitagawa elected as member of Japan Academy». KUIAS Kyoto University Institute for Advanced Study. 2. september 2021. Henta 11. oktober 2025.
- ↑ «Professor Susumu Kitagawa FRS». Royal Society. Henta 8. oktober 2025.
- 1 2 «王貞治氏ら8人に文化勲章 功労者に坂茂氏ら». The Nikkei (på japansk). 18. oktober 2025. Henta 18. oktober 2025.
- Denne artikkelen bygger på «Susumu Kitagawa» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2025.